Fjellgeit BA
Fjellgeit BA vart stifta i mars 2004 av geitprodusentar i Nord-Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen, samt nokre Sau- og geitalslag og andre interesserte i regionen. Fjellgeit BA har nå 24 andelseigarar. Selskapet skal drive utviklingsarbeid for å lage høgkvalitets produkt av geit til ein betalings villig marknad. Vi er inne i fase ein av prosjektet der målet er å utvikle geitost med særpreg. Til nå er kvitmuggosten sett i produksjon. Saman med Dovre Ysteri arbeider vi med å utvikle ein salatost – type feta – som vil bli sett i prøveproduksjon i løpet av våren 2005. I tillegg ynskjer vi å kunne få til ein kvit geitost slik den tradisjonelt vart laga i regionen.
Neste steg blir å utvikle gode produkt av kje- og geitkjøtt. Deretter vil det bli prøvd å nytte ull og skinn til salgbare kvalitetsprodukt. Fjellgeit BA vil også arbeide for at geita skal bli nytta aktivt i skjøtsel av kulturlandskapet som står i fare for å gro att dei fleste stadane i landet.
Fjellgeit BA har fått verdifull støtte frå Innovasjon Noreg, kommunane Vågå, Skjåk, Ringebu, Lom og Dovre, samt Sau- og geitalslaga i Vågå, Sollia, Skjåk og Lom.