
Kvitmuggost frå Fjellgeit Valbjør er laga av 100% geitmjølk, løype og salt.
Kvitmuggosten er produsert på Dovre Ysteri, eitt av Tine sine anlegg, på oppdrag frå Fjellgeit Valbjør.
Lagring og modning av kvitmuggost frå Fjellgeit
Osten bør lagrast i kjøleskap eller kjølerom på 0 - 4° C i 2-3 månader, eller i fryser inntil 6 månader. Osten får meir smak ved lagring.
Modningsgrad i kjøleskap eller kjølerom:
- ein månad etter produksjon er smaken mild,
- etter to månader er osten godt moden, men ikkje for skarp i smaken,
- likar du fullmoden ost, kan han lagrast i tre månader eller meir.
Kvitmuggosten frå Fjellgeit har mange bruksmåtar. For at smaken skal kome godt fram, tilrår vi at osten ligg i romtemperatur i 4 - 6 timar før servering.











